mandag 30. april 2012

synestesi


Tenk å høyra smakar, føla fargar, sjå lydar.

Alt blir kopla til sansane. Tenk om sansane blei misforstått. Kva om lydane lenger ikkje kunne høyrast, men følast. Falma lyd, tristheita av en djup blåfarge, den høglydte lyden av knakende erter.
Den aller finaste kunsten skapast av menneske med synestesi. Verda deira må vera mykje meir spennande enn mi. Men så har eg det ganske fin eg og, eg kan høyra sjøen.

❖
❖

søndag 29. april 2012

270412 - 290412

❖❖ ❖
❖

Drømmer om fleire dagar slik som desse. Stillhet og gode venner i fine strikkegensrar. Lange dagar med mindre innhold og meir snakking. Eg har (hadde) det fint.

❖❖ ❖❖

søndag 15. april 2012

En midtsommernattsdrøm

Ein illustrasjon eg laga til shakespear sin komedie, en midtsommernattsdrøm. Det er ein vanskelig tekst å lesa, men den burde vel eigentleg lesast. ◆

torsdag 12. april 2012

First breath after coma

❀

Saknar påska allereie. Eg treng pusterom, må ha tid til å føla meg i live. Må ha ny luft å pusta inn.

❀❀❀

søndag 8. april 2012

nokre tusan kilometer borte


Første april reiste eg og kjærasten på påskeferie. Eg satte meg på flyet med forhåpningar om å bli inspirert og å få renska hovudet. Med kitling i magen, kjente eg at flyet letta, minutter seinare var me 8543 meter over havet.

Stavanger - Oslo - Berlin.

◆◆

Berlin har ein fin atmosfære, som eg raskt vart glad i. Framande gater fulle av nye mennesker og store nydelige japanske kirsebærtre. Dagane vart fylla opp med resturangbesøk, handling, menneske-titting, latter, gåsehud, museum, kunstutstillinger, kart-titting, og vonde bein sjølvsagt. Me fann våre favoritt plassar i byene, satte oss ned, og spiste deilig mat.

❊

Med å vandra rundt i ein ny by ser eg nye ting, luktar nye luktar og opplev andre typar menneske. Museumsturar, klær, kunstutstllingar, bygninger, trær, fugler og murveggar har gitt meg inspirasjon til å skapa. Skapa noko med større innsikt. Etter denne turen følte eg meg meir klokare om kva som fins i den store bobla der ute, ovanfor mi overflate.

❊❊❊✻

I løpet av ferien rakk me å gå på ein superkoselig tysk kino. Her va salen pitteliten og filmen kornete. Me var også innom eit historiskmuseum og to kunstmuseum. Skal du snart til Berlin? Gå innom hackescher höfe kino for å sjå ein film på eit språk du ikkje forstår. Du må også innom kunsthuset, Tacheles, som var heilt ubeskrivelig kult.

❊✻✻

Eg brukte flaut mykje tid på sørga over ei jakke eg ikkje kjøpte.

♡
♡

Etter å ha stått ein time i kø, frøse kjenslane av oss og kjent kulden langt inn i sjelen, fekk me tak i bilettar til Neues Museum. Her var det eit mange hundre år gammalt skjellet, fasinerande gamle smykker og graver.

✻✻❊ ♡

Følelsen av koma heim er så mykje betre når du har hatt det fint.

onsdag 28. mars 2012

28.03.12

Om du skulle ynskja at di tid var litt meir som ein annan si tid, høyr på "114" av The Majority Says.
Savnar du fine dager, kjærleik og latter, høyr på den såre musikken til Angus & Julia Stone.
Er dagane dine berre generelt bra, høyr på "Vart jag mig i världen vänder" av Den Svenska Björnstammen.

Uansett humør og følelser så burde alle høyra denne, av Evenings. frysninger i hovudbotnen

❂❂❂
//privat

torsdag 15. mars 2012